Framside

Symjekurs hausten 2017

Svømming - Klikk for stort bilete

 

 

 

Det er blir arrangert symjekurs frå fredag 20. oktober t.o.m. fredag 8. desember. 

 

Symjekurs fredagar:

Kurs nr. 1

kl. 15.00 - 15.45

Vidaregåande 2
Må kunne symje på djup del av bassenget. Grundigare opplæring ulike stilar, pusteteknikk, vending, noko stup.

Kurs nr. 2

kl. 15.45 -. - 16.30

Vidaregåande 1
Må kunne flyte. Grunnleggande symjeopplæring ulike stilar. Hopp frå kant, gradvis mot djup del.

Kurs nr. 3

kl. 16.30 - 17.15

Grunnopplæring (frå 5 år)
Dykke- og flyteøvingar. Byrjar med symjeøvingar ulike stilar. Barnet må ha følgje i vatnet.

Kurs nr. 4

kl. 17.15 - 18.00

 

 

Småbarnssymjing (frå 3 år)
Vasstilvenning, flytetrening, byrjar med enkel symjetrening. Barna må ha følgje i vatnet

 

Kurs nr. 5

kl. 18.00 - 18.45

Grunnopplæring (frå 5 år)
Dykke- og flyteøvingar. Byrjar med symjeøvingar ulike stilar. Barnet må ha følgje i vatnet.

Kurs nr. 6 kl. 18.45 - 19.30

Ball-aktiviteter (10-15 år)

 

 

Pris pr kurs: kr 650 for åtte kveldar, kr 100 i rabatt frå og med sysken nr. to. Faktura vert sendt når kursa er i gang.
Avgrensa tal deltakarar på kurs. Nokre kurs kan bli slått saman eller avlyst ut frå tal på påmelde. Tidene kan òg bli litt endra ut frå påmelding.

Påmelding frå måndag 4. september - onsdag 4. oktober til postmottak@bjerkreim.kommune.no.

Ved påmelding treng vi:

  1. Namn og fødselsår på kursdeltakar
  2. Nummer på kva kurs ein ynskjer delta på
  3. Namn og adresse til foreldre/føresette
  4. Mobilnummer til foreldre/føresette - for å kunne gje melding ved behov
  5. E-postadresse til foreldre/føresette. All informasjon ang. kursdeltaking vert sendt ut via e-post.

    Alle som søkjer plass får tilbakemelding.

Minner om kor viktig det er at alle lærer å symje! Norges Svømmeforbund har kartlagt kor flinke Norges 10 åringar var til å symje i 2003, 2009 og 2013. Undersøkingane viste at omtrent halvparten av 10 åringane var symjedyktige. I forhold til forbundet sine normer er du symjedyktig om du kan symje 200 meter. Etter 4. trinn i skulen skal elevane beherske dette:

Vere symjedyktig ved å falle uti på djupt vatn, symje 100 meter på magen, undervegs dykke ned og hente ein gjenstand med hendene, stoppe og kvile i 3 minutt (medan han/ho flyt på magen, orientere seg, rulle over, flyte på rygg); så symje 100 meter på rygg og ta seg opp på land.

Kulturkontoret

Sist endra 08.09.2017
Fann du det du leitte etter?