Bjerkreim kommune

STRESS - og korleis leve med det

STRESS - og korleis leve med det

Med forfattar Anne Gunn Halvorsen på Bjerkreim folkebibliotek fredag 29. november kl. 16.30.   
OBS! Feil tidspunkt i Bjekreimsnytt.

Anne Gunn Halvorsen, forfattaren av den kritikarroste boka Livet og korleis leve det, har prøvd å finne ut kva som gjer at vi kavar oss opp, blir stressa og utbrente. Kvifor blir folk så slitne, og kven sin feil er det eigentleg?

Forfattaren dreg ut på ei journalistisk reise i det norske stresset og kjem attende med ei rekkje gode tips og observasjonar om tida vi lever i.

Stress og korleis leve med det er ei konkret handbok i stressmeistring og eit underhaldande augeblikksbilete av tida vi lever i. I foredraget fortel ho om dei ti viktigaste tinga ho ho lærte i jakta på stress, og gir nokre enkle forslag til korleis ein kan leve betre med stress.

Gratis inngang - alle velkomne!