Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Sommarleskampanjen er i gang!

Sommarleskampanjen er i gang!

Sommarles - Klikk for stort bildeDen digitale lesekampanjen Sommarles.no er i gang. Frå 1. juni kan alle 1. - 7.-klassingar i Bjerkreim kommune vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg.

Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år. I fjor deltok over 130 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie, og dermed auke lesekompetansen, i ein periode der han vanlegvis blir svekt.

Sommarles.no gjer det gøy å lese!

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida
  • Sommarles.no er for barn i 1. - 7. klasse og  varer fra 1. juni til 31. august.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket!
  • Sommarles.no er utvikla av Vestfold og Telemark fylkesbibliotek og Snuti AS.

Sommarles.no blir i 2020 leia av Viken fylkesbibliotek.

Bli med på den kulaste lesekampanjen i sommar!

- sjå infobrev til elevar og føresette. (PDF, 591 kB)

Ingebjørg Nyhus
Avdelingsleder bibliotek
E-post
Telefon 51 45 93 20