Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Smittetilfelle på fotballkamp på kunstgrasbanen på Vikeså, sundag kl 18

Smittetilfelle på fotballkamp på kunstgrasbanen på Vikeså, sundag kl 18

Informasjon frå smittevernlegen

SMITTESITUASJON

Ein spelar på fotballkamp på kunstgrasbanen på Vikeså sundag 13. juni kl 18 (guttar f. 2004-2006) har fått påvist COVID-smitte, og er potensielt nærkontakt til både med- og motspelarar.

KARANTENESETTING

Alle spelarane frå Bjerkreim som var på banen og var nær motspelarar, er i smittekarantene.

Familiemedlemmer og kjæraster til desse spelarane, er i ventekarantene fram til den som er i smittekarantene har fått svar på første negative test.

Publikum, lagleiarar og spelarar som ikkje var på banen, er ikkje i smitte- eller ventekarantene.

SMITTESPORING OG VARSLING

Dei som er sette i karantene, vert varsla i løpet av måndag kveld.
Dersom du spelte på kampen eller av andre grunner meiner du har vore utsatt for smitterisiko, men ikkje vert varsla måndag kveld, bør du varsla smittesporingsteamet i Bjerkreim på tlf 404 44 961 (send gjerne SMS med namn og fødselsdato så blir du kontakta etter kvart), praktisera karantene som anvist over, og møta til test (sjå nedanfor).

TEST

Alle frå Bjerkreim som vert sette i smittekarantene testar seg kl 08.00 tysdag morgon, ved teststasjonen i etasjen nedanfor Bjerkreim legekontor. Me vonar at det vil koma svar på prøvane i løpet av dagen på tysdag, slik at ventekarantene kan opphevast så raskt som mogleg.

SPØRSMÅL?

Når forløpet rundt smittesituasjonen er meir avklart, er det mogleg at karantenesettinga kan endrast. Er du usikker på om du treng vera i karantene må du ta dette opp med smittesporingsteamet i Bjerkreim, men du må uansett møta opp til test og vera i karantene fram til du eventuelt er tatt ut av karantene.

Mvh
Knut Vassbø
Smittevernlege, Bjerkreim kommune

Ansvarlig smittesporingsteamet
Mobil 404 44 961
Lokal Korona-telefon
Telefon 404 44 960

Dersom du har spørsmål som gjelder forhold lokalt i Bjerkreim, kan du ringe dette tlf.nr.

Åpen fra kl 08.00 - 18.00 alle dager