Smittestatus i Bjerkreim pr. 11. januar kl. 14.00Smittesporing på skulebuss Etter COVID-test 10. januar av elevar som har tatt skulebuss mellom Vikeså skule og Dalane VGS, er det ikkje påvist nye smittetilfeller. Smittesporing og test-resultat medfører at for 10 av elevane blir karantene avslutta måndag 11. januar ettersom dei ikkje har vore nærkontaktar. Om lag 15 elevar blir definert som nærkontaktar og skal vera i 10 dagar karantene. Elevane det gjeld har fått SMS/telefon frå kommunen. Skulen blir også informert om kva for elevar som kan møta på skule tysdag, og kven som er i karantene i 10 dagar. Spørsmål kan rettast til smittesporingsteamet på mobil 4000 1140. Antal i isolasjon Det er pr i dag fem Bjerkreimsbuar som er isolerte heime med påvist smitte. Smittesporing er avslutta og nærkontaktar er varsla og er i karantene. Knut Vassbø smittevernlege Publisert avTora Britt Svela Publisert11.01.2021 15.02 Sist endret11.01.2021 15.02