Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Smittestatus Covid-19 pr. 9. april

Smittestatus Covid-19 pr. 9. april

Pr. 9. april kl. 10.00

SMITTESITUASJON

Siste to veker er det påvist to tilfeller av COVID-19 i kommunen. Begge tilfellene er i same husstand, og det er påvist britisk virusmutasjon.

Alle nærkontaktar er testa, og det er så langt ikkje påvist vidare smitte.

Dei som er nærkontaktar skal fortsatt vera i karantene, i stor grad gjeld dette 5. klasse Bjerkreim skule. Husk at karantenereglane også inneber forbod mot kontakt med andre som er i karantene. Klassevenner som er i karantene, kan altså ikkje besøka kvarandre. Les regelverket på FHI.NO.

Det er svært viktig at alle som har infeksjonssymptom tester seg.

SKULANE

Skulane i kommunen er på raudt nivå, så langt det lar seg gjennomføra. Det blir også planlagt for raudt nivå over helga. Barnehagane er på gult nivå.

DETTE GÅR BRA!

Takk til dei som uheldigvis har blitt smitta, og til alle nærkontaktar, som raskt har stilt opp for testing og gitt god informasjon til smittesporarane. Dermed får me satt inn tiltak raskt.

Og ikkje minst: når det så langt ikkje er påvist vidare smitte, viser dette kor viktig og effektivt det er med gode smitterutinar i kvardagen - på skule og i fritid. Målsettinga er at barn og unge skal kunne ha ein innhaldsrik, lærerik og trygg kvardag, der me klarer å stoppa smitten så snart han vert oppdaga.

Mvh
Knut Vassbø
smittevernlege