Bjerkreim kommune

Resultat av massetesting før skulestart

Resultat av massetesting før skulestart

Det er hittil registrert at 99 elevar ved Bjerkreim skule og 271 elevar ved Vikeså skule har testa seg 3. januar, anten ved frammøte eller heimetest.

Det er i løpet av det siste døgnet registrert to smittetilfelle blant grunnskule-elevar, begge desse to hadde testa seg heime og det er gjennomført smittesporing. Test-resultat og smittesporing tyder på låg smitterisiko på grunnskulane i kommunen.

Også tilsette ved skulane og barnehagane har testa seg.

Takk for stor oppslutning og godt samarbeid blant elevar og tilsette. Me ser gjerne at dei som enno ikkje har gjort det, melder inn at dei har testa seg, så me får så god oversikt så mogleg.

Som planlagt startar skulane og barnehagane på gult nivå.

 

Vikeså 3. januar kl 1900

 

Knut Vassbø

smittevernlege