Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Oppstart offentleg symjing

Oppstart offentleg symjing

Svømming i basseng - Klikk for stort bilde Velkommen til symjehallen på Vikeså skule på laurdagar.
OBS! Nytt telefonnummer 404 44 955 for å reservere plass!  

Oppstart laurdag 17. oktober.  Siste gong før jul er 19. desember.
Oppstart etter nyttår 2. januar.

Gratis adgang.
Maks 15 personar får plass på kvar badegruppe. 
Nytt telefonnummer for å reservere plass i badegruppene: 404 44 955
Hugs badehette.  Bleiebarn må bruke badebleie.

Nye åpningstider grunna covid 19 og reingjering av garderobar mellom kvar badegruppe:

Kl 09.30 – 10.15 Vaksne over 18 år (Garderobe frå 09.20)

Kl 10.45 – 11.30 Vaksne over 18 år (Garderobe frå 10.35)

Kl 12.00 – 12.45: Familiebading (Garderobe frå 11.50)

Kl 13.15 – 14.00: Familiebading (Garderobe frå 13.05)

Kl 14.30 – 15.15: Familiebading (Garderobe frå 14.20)

Lister vert lagt ut i gangen frå kl 09.30 for å reservere plass på dei ulike gruppene. I år gjeld dette også besøkjande over 18 år.
Du kan gjerne møte opp utan å ha reservert plass på førehand, men alle må registrere seg før dei går i garderoben.  Bur du langt frå bassenget og har  vanskar med å kome innom på førehand, så kan du ringe badevaktane og reservere tid.

Smittevern
Merk at grensa på 15 besøkjande i kvar gruppe er sett av kommunelegen, og er absolutt!
Alle besøkjande har sjølv ansvar for å overhalda smittevernreglar, og halda 1 meters avstand til andre badegjester. Det vert sett fram handsprit i gangen, og smittevernreglar vert hengt opp ved inngang til garderobane. Ingen med symptom på luftvegsinfeksjon må møte opp.

Grunna utvida reinhald, må garderobar tømast og reingjerast mellom kvar badegruppe.
Oppmodar difor besøkjande til å vere så raske som mogleg i garderoben, bruk helst ikkje meir enn 10 minutt.

Ha eit godt bad!

Annette Olden Nedrebø
Rådgiver kultur
E-post
Telefon 51 20 11 14
Mobil 988 80 147