Framside

Opning av turisthytta på Kvitlen

Den nye turisthytta på Kvitlen.  - Klikk for stort bileteDen nye turisthytta på Kvitlen. Søndag 23. august er alle velkomne til den nye turistforeningshytta på Kvitlen. Hytta ligg fint til i bakken over der den gamle garden på Kvitlen låg. Det er merka tursti inn både frå Bjordal, Eikebrekka og Stavtjørn.

Stavanger turistforening har meir om opplegget rundt opninga. Det kan du lese her. Dei har òg laga ein animasjonsfilm som viser korleis hytta ligg i terrenget. Du finn filmen her.

Det er bratt frå Bjordal og opp.  - Klikk for stort bileteDet er bratt frå Bjordal og opp. Dalane friluftsråd har i samarbeid med Bjerkreim kommune laga ei brosjyre med turomtale av stiane frå Bjordal, Eikebrekka og Stavtjørn. Det går raskast frå Bjordal, men den turen er bratt og nokre parti må ein nesten klatre litt. Det er lettare å gå frå Eikebrekkaog inn Austdalen, sjølv om den turen er lenger. I brosjyra kan du lese om ulike hellarar langs vegen. Desse to stiane møtest før Brattebø. Derifrå er det eit vakkert kulturlandskap inn til Kvitlen.

Det er òg merka sti frå Stavtjørn. Dette er den lengste vegen. Då kjem du forbi Homme som ligg 3 km frå Kvitlen. Heile brosjyra kan du laste ned her (PDF, 2 MB).

 

Spennande historie

Historia til Kvitlen er fascinerande. Lise og Tønnes Kvitli budde på garden her inne Flott kulturlandskap like før Brattebø på veg til Kvitlen.  - Klikk for stort bileteFlott kulturlandskap like før Brattebø på veg til Kvitlen. fram til husa brann ned i 1935. Dei fekk mellom anna redda ut eit bilete av kongefamilien, ein gyngestol og ei kiste, men det meste gjekk opp i røyk. Biletet, med kong Oscar 2 i midten, er no gjeve i gåve til Stavanger turistforening og skal henge på turisthytta i Kvitlen.

I Brattebø, nabogarden til Kvitlen, budde det folk frå 1600-talet og fram til 1923. På det meste, i 1875, budde det 28 personar der, fordelt på fire familiar. Dei hadde lite innmark, men stor utmark med stor verdi i slått og tilleggsinntekter gjennom sal av ryper og anna småvilt.

Austdal er garden nærast Ørsdalen. Det har budd opp til 18 personar der, dei siste fastbuande flytte frå garden i 1900. I fjellet over tunet på garden finst det rike forekomstar av fleire sjeldne steinslag og bergkrystallar.

Homme ligg pUtsikt mot høgda der den nye turisthytta ligg.  - Klikk for stort bileteUtsikt mot høgda der den nye turisthytta ligg. å nordsida av Hommadalen, inntil den søre driftavegen. Her har sauer blitt drive inn frå Vikesdal, over Rambjørheia til Grøtteland. I 1865 budde det 12 personar i Homme, dei siste flytta i 1873. No står det to gjetarhytter der.

Les brosjyra med historiene til øydegardane her (PDF, 5 MB).

Publisert av Astrid Apalset Vassbø. Sist endra 24.08.2015
Fann du det du leitte etter?
Artikkel med kontaktperson (1)