Framside

Ope møte for ALLE næringsdrivande i Bjerkreim

Gras - Klikk for stort bilete

 

 

 

Næringsforeninga og Bjerkreim kommune har gleda av å ynskja dykk velkomne til møte hjå

VVS Prefab torsdag 14. september kl. 19.30.  

Dette er eit ope møte for ALLE som driv næringsverksemd i kommunen.
For påmelding; sjå invitasjon under.

Styret i Næringsforeninga og Bjerkreim kommune har bestemt at vi skal etablera ein Næringshage innan utgangen av året. Vår NH skal vera ei node/«underavdeling» av Ryfylke Næringshage på Finnøy, og dagleg leiar Heidi Skifjell vil på dette møtet fortelja om korleis dei driv og jobbar, og kva fordelar det er å vera ei medlemsbedrift.  

I løpet av denne kvelden får ALLE tilbod om å teikna seg som aksjonærar, med eit minstebeløp på 1.000 kr/aksje.

Velkomen – håpar du kjem!

Les meir:

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 15.09.2017
Fann du det du leitte etter?