Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Nytt COVID-smittetilfelle

Nytt COVID-smittetilfelle

Eit fullvaksinert helsepersonell i Bjerkreim kommune har tysdag 14. september testa positivt på COVID-19 hurtigtest. Antatt smittekjelde er utanfor kommunen.

Personar som vedkomande har hatt kontakt med 13. september blir informert av smittesporingsteam i Bjerkreim i løpet av ettermiddag / kveld tysdag 14. september, og nærkontaktar som ikkje er fullvaksinert, skal i karantene eller gjennomføra test-regime som fritar for karantene.

Ein skal ha låg terskel for å testa seg ved feber eller luftvegssymptom, sjølv om ein er fullvaksinert. Dette gjeld spesielt personar som har vore på Bjerkreim legekontor på dagtid 13. september, eller på interkommunal legevakt 13. september mellom 1930-2230.

Mvh Knut Vassbø, smittevernlege