Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Nye besøksrutinar på omsorgssenteret

Nye besøksrutinar på omsorgssenteret

SMITTEVERN OG BESØK 
Folkehelseinstituttet (FHI) har 8. mai publisert nye råd for smittevern ved besøk på sjukeheim.
Det generelle forbodet mot besøk er fjerna, behovet for at bebuarar får ha besøk blir vektlagt, og det er no ingen referanse til varighet av besøk i regelverket. 
 
Det er pr i dag ingen påvist COVID-19-smitte i Bjerkreim og smittepresset blir vurdert som lågt. Helsedirektoratet ber om at smittevernråda følger dei til ei kvar tid nasjonale føringane. 
 
Ved gjennomføring av besøk på Bjerkreim Omsorgssenter blir difor tidsgrense på 15 minutt fjerna. 
 
Antal besøkande må avgrensast slik at avstandskravet på 1 meter vert respektert. Dersom det er fint vêr, bør besøket foregå utandørs. 
 
Besøksvert må sikra at pårørande får nødvendig opplæring og eventuelt hjelp, og alle besøk skal varslast på førehand og dokumenterast. 
  
9. mai 2020 
Knut Vassbø
smittevernlege