Framside

Ny info: Generell dispensasjon til å spreia husdyrgjødsel innan 1. oktober - utan søknad

Traktor og gjødselspreiar - Klikk for stort bilete

Ny info pr. 31/9:

Generell dispensasjon for alle bøndene i Bjerkreim til å spreia husdyrgjødsel innan 1. oktober – utan søknad


I dag har Landbruksdepartementet bestemt at i nokre fylke og kommunar; bl.a. i Bjerkreim, vert det gitt ein generell dispensasjon for utsetjing av fristen for spreiing av husdyrgjødsel med 1 månad; frå 1. sept. til 1. oktober.

Les meir på Regjeringen.no

Landbrukssjefen

 

Søknad om dispensasjon til spreiing av husdyrgjødsel etter fristen 1. september 2018
 

Denne våren og sommaren har vore spesiell og utfordrande vermessig, med veldig lite nedbør fram til august. Dei siste dagane har vi fått fleire forespørslar frå bønder som lurer på om dei kan få utsett fristen for spreiing av husdyrgjødsla.

Alle har fått for lite fòr, og derfor vil dei fleste ha dyra ute på beite så lenge som mogleg. Nokre ynskjer derfor å køyra ut litt husdyrgjødsel på beita no.
Mange skal også slå 3. slåtten, og ventar lengst mogleg for å få ei god avling.
Så ynskjer de å tømma gjødsellageret, når slåtten er unnagjort, sidan mange ikkje har fått køyrt ut det dei brukar, pga det flotte sommarveret og lite nedbør.  

Fristen for spreiing av husdyrgjødsla, er jo som kjent den 1. september.
Vi kan dessverre ikkje lenger gje ein generell utsetjing av fristen for heile kommunen.

Kvar enkelt av dykk som har behov for utsetjing, må søkja – og aller helst no i løpet av helga!!  

Vermeldingane er veldig gode den komande veka; utan nedbør – så vi reknar med at mange vil gå i gang med 3. slåtten då.
Alle vil få innvilga sine søknader (med forbehold der gjødselmengdene er veldig store) – med frist så snart som råd, og seinast innan den 18. september!

Søknaden kan gjerast veldig enkel;  de kan skriva noko slik:

På bakgrunn av den spesielle våren og sommaren vi har hatt, søkjer eg om dispensasjon til å få spreia ca. ??? m³ med husdyrgjødsel, så snart som råd, og seinast innan 18. september 2018.  

NB! Me må altså vita sånn ca. kor mange m³ som de skal spreia!!

Søknaden sendast på e-post til: postmottak@bjerkreim.kommune.no

De må berre gå i gang med spreiinga, sjølv om de ikkje har fått eit formelt brev frå oss. Vi har det travelt, og vi skal få hjelp av ein av våre ingeniørar; Rune Hagen, til å få senda ut dei formelle svarbreva til dykk.

Lukka til med hauste- og gjødslingsarbeidet framover.

Gerd Siqveland Engelsgjerd
landbrukssjef

 

 

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 28.09.2018
Fann du det du leitte etter?