Bjerkreim kommune

Informasjonsside influensa/korona

Noreg opnar igjen

Noreg opnar igjen

Bilde: FHI - Klikk for stort bildeFrå laurdag 25. september kl 16 er alle korona-restriksjonar som gjeld arrangement, oppheva. Mange av reise-restriksjonane er også oppheva frå same dag, og kvardagen er langt på veg tilbake til normalen.

Viruset er det same, men samfunnet er endra. Den største forskjellen er at svært mange no er vaksinert. Det er framleis tilrådd at dei som ikkje er vaksinert, tar kontakt med vaksinasjonskoordinator eller sjølv bestiller tid til COVID-vaksine i REMIN.

Husk også at både helsepersonell og risikogrupper bør ta vaksine mot influensa. Denne vaksinen kjem i veke 43.

Sjølv om meteren er borte, er det framleis svært viktig at alle vasker eller spriter hendene, unngår å nysa på andre, held seg heime når dei er sjuke, og følger dei reglane som framleis gjeld dersom det blir påvist COVID-19. På den måten reduserer me sjukdom og sjukefråvere både som følge av COVID og andre infeksjonar i haust og vinter.

Ellers er det snart på tide å takka for utmerka samarbeid om testing, karantene, isolasjon og smittesporing - både til medarbeidarar, innbyggarar og hyttegjester.

Mvh
Knut Vassbø
smittevernlege