Framside

Naturlostur på søndag

Steinmur i morgonsol - Klikk for stort bilete Alf Ognedal  

Søndag 25. juni vert det naturlostur frå Moi til Bjerkreim kyrkje, via Kløgetvedttunet.
Naturlos Per Spødervold.

Turen følgjer den gamle kyrkjevegen frå Moi til Bjerkreim Kyrkje, med stopp på Kløgetvedttunet for kaffi og lappar.

Dette er kyrkjevegen som til og med jærbuane brukte når dei skulle til Bjerkreim på "moltepreik" eller "smørpreik".

Ca 15 km i lett terreng.
Reknar med å ta ein stopp på Kløgetvedttunet mellom ca kl 14.30 og 15.30, og vil være framme på Bjerkreim ca 17.30.
Gratis å delta. Gode historier frå Per undervegs!

Parkering og turstart hos Tove og Martin Moi kl. 10.00. 
Adresse Moi 32, 4389 Vikeså, klikk på kartet nedanfor.

Kart
Oppmøte Moi 32

Dei som ønskjer det kan parkere på Bjerkreim Skule og ta buss til Moi. Denne vil gå frå Bjerkreim kl 09.30 og kostar kr 50,-.

 

Bjerkreim sentrum - Klikk for stort bilete Alf S. Ognedal

 

 

 

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 26.06.2017
Fann du det du leitte etter?