Bjerkreim kommune

"Mjølkesafari" for mjølkebønder 23. januar

"Mjølkesafari" for mjølkebønder 23. januar

Klikk for stort bilde 





Landbrukskontoret i Bjerkreim arrangerer ein spanande «mjølkesafari» for alle interesserte mjølkebønder i Dalane den 23.01.2020 frå kl. 09.00 – 15.00, for å sjå på moglege løysingar for lausdrift som kan passa på din gard.


 

Me trur at mange mjølkebønder i Dalane grublar mykje på korleis ein skal løysa det komande kravet om lausdrift for alle mjølkekyr og storfe. Skal me byggja nytt eller skal me ikkje, kan noko av dagens driftsbygning nyttast?

Me besøker 4 mjølkebønder som har bygd om heile eller delar av fjøset til lausdrift. Me skal besøka 2 stk som har fått I-mek levert av Fjøssystemer, og 2 stk som har fått I-mek levert av Felleskjøpet.

Desse er:

  • Tor Erik Vikesdal (FK)– brukt robot frå Delaval, påbygg på eksisterande fjøs, enkel fòringslinje, 26 kyr.  
  • Gaute Haugland (Fjermestad i Time kommune) – Vms frå FK- nytt frittståande fjøs for 25 kyr, kalvar og kviger i nyfjøset og oksar i gamalt fjos.  
  • Magne Henry Grude – påbygg til eksisterande fjos, 28 kyr, Lely robot frå Fjøssystemer, fòring med fullfòrmiksar og manuell fòring, skraperobot Collector.  
  • Bjørn Kåre Grude (Helleland) – påbygg til 40 kyr, Lely robot frå Fjøssystemer, fullfòrmiksar med fòrutlegger, skraperobot. 

Representantar frå Fjøssystemer og Felleskjøpet er med på «sine» fjøs, og forklarer kvifor dei ulike vala er gjort. Me fokuserer ein del på fòring og utgjødsling under fjøsbesøka. I tillegg fokuserer me på valgte løysningar for beitedrift hjå vertane. Vi har med overtrekkstøy; både sko og dressar til alle.

Påmelding til landbrukskontoret i Bjerkreim (helst både mann og kone), snarast og innan 10.01.2020. Tlf. Svein Olav 51201173/99021019, Gerd 51201170 eller Kjell 51201172.

 

I etterkant av fjøsbesøka arrangerer me ein oppfølgingsdag den 28.01.2020 på kommunehuset på Vikeså; 10.00 - 14.30 der me fokuserer på: 

Torfinn Nærland – Tine rådgjeving
- Kva er kostnadsdrivarar i byggeprosessen? 
- Isolert/uisolert fjøs?
- Takløysningar, skraper/flyterenner/kanalomrøring/direkte nedslepp?
- Gjødselkjeller under bygget eller ikkje? 
- Kva bør me tenka på i planleggingsfasen? 

Jostein Røysland – Bjerkreim Rekneskapskontor
- Kva investeringskostnad kan eit mjølkebruk med 150 tonn i kvote tåla? 

Olav Tegle - Innovasjon Norge
- Kva tilskott er mogleg å oppnå på investeringane?
- Kor omfattande er ein søknad om støtte?
- Er grensa for prioritering akkurat 30 kyr, eller er det mulig å ha litt meir og kva med ungdyra?

Peder Skåre – Landkreditt bank
- Finansiering av bygg
- Byggjeleiing 
- Kontraktar, korleis minska risikoen for overskridelsar? 

Arnstein Bendiksen - Gjensidige forsikring 
- Gjeldsforsikring
- Husdyrforsikring
- Avbruddsforsikring m.m. 

Det er høve til å avtala individuelle samtalar med Innovasjon Norge både før og etter møtet. Dersom du ønsker eit slikt møte så ta kontakt med Olav Tegle på telefon 98 21 89 30
 

Vel møtt til 2 spanande dagar med fokus på muligheiter og utfordringar i samband med mulig investering i nytt mjølkefjøs !