Framside

Meld deg som meddommar og/eller vara til forliksrådet!

Norges lover - Klikk for stort bilete Kommunestyret må velja ein ny mann som meddommar i Dalane tingrett, og ein ny mann som andre vara til forliksrådet f.o.m. 01.01.18 t.o.m. 31.12.20. 

Ordførar håpar nokre innbyggjarar i kommunen er interesserte og vil melda seg til desse verva.

  • Dalane tingrett har 5 kvinner og 5 menn frå Bjerkreim som meddommarar. Ein av desse mennene har flytta frå kommunen, og ein ny må veljast.
  • Forliksrådet for Bjerkreim har 3 medl. og 3 varamedl. Ein av varamedlemmene har flytta frå kommunen, og ein ny må veljast.

Meddommarane er vanlege kvinner og menn som saman med fagdommarar med juridisk utdanning er med på å ta avgjersler i straffesaker.

Du kan rekna med å bli innkalt ei til to gonger i året. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, sjølv om enkelte saker kan vara noko lenger. Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt. Dette medfører mellom anna normalt fri frå ordinært arbeid for å utføra vervet. Det blir òg gitt godtgjersle for eventuelt tapt arbeidsforteneste.

I hovudsak skal meddommarar vera vanlege innbyggjarar i kommunen som har stemmerett ved kommunestyreval. Det er eit krav at dei som blir valt er over 21 år (25 år for forliksrådsmedlemmer) og under 70 år når valperioden startar. I tillegg må dei som blir valt ha tilstrekkelege norskkunnskaper og god vandel. Utfyllande føresegner står i domstolloven. Meir informasjon om vervet kan du finna på www.domstol.no/lekdommer.

Forliksrådet har tre medlemmer (to menn og ei kvinne). Av varamedlemmene er to kvinner. Andre vara er mann, men har nå flytta, så vi treng ny andre vara. Som andre varamedlem vil du kanskje bli innkalt til å møta av og til. Forliksrådet har fleire møter i halvåret.

Ta kontakt
med serviceavdelinga på tlf. 51 20 11 00, eller send e-post til postmottak@bjerkreim.kommune.no innan 25. januar 2018 om du kan stilla til eitt eller begge desse verva. Du kan også koma med forslag om kandidatar.

Publisert av Torunn Ivesdal Gjedrem. Sist endra 09.02.2018
Fann du det du leitte etter?