Listetopp Tore MalmeiVi har invitert alle sju listetoppene i kommunen til å presentere seg og sitt parti. Nummer fem er Tore Malmei, Bjerkreim bygdeliste. Tore Malmei Parti: Bjerkreim bygdeliste Bosted: Malmei Alder: 65 Yrke: Veterinær, bonde Kvifor stiller du til val? Eg ønskjer å bidra til at Bjerkreim kommune skal vera ein best mogleg stad å vakse opp i, arbeida i og verte gamal i. Kva driv du med utanom jobb og politikk? Som veterinær og bonde vert det lite med fritid, men eg speler saksofon i Bjerkreim brassband på hobbybasis. Kva er hjartesaka di? Me vil arbeida for at Bjerkreim har aktive folkevalde som lyttar til innbyggarane, og legg til rette for demokratiske prosessar. Me vil styrka naturvernet, støtta og verna om landbruket og sørgja for å oppretthalde gode levekår for innbyggarane i ulike livsfasar. Kva meiner ditt parti er viktig for Bjerkreim kommune framover? Nei til fleire vindturbinar i kommunen, ta vare på urørd natur og styrka jordvernet, fjerne eigedomsskatt på bustader. Kva er viktig å gjere for å halde dei unge i kommunen? Ha tilgjengelege tomter, arbeidsplassar og betre kollektivtransport. Kva bør vi gjere for å få flest mogleg innbyggarar til å stemme og engasjere seg? Møta folk der dei er, til dømes arrangera lokale møter når ny kommuneplan skal utarbeidast. Publisert av Bjørn Egil Gilje Publisert 24.08.2023 13.04 Sist endret 11.09.2023 11.03