Listetopp Tone Vaule

Vi har invitert alle sju listetoppene i kommunen til å presentere seg og sitt parti. Nummer seks er Tone Vaule i Arbeiderpartiet.

Tone Vaule

Parti: Arbeiderpartiet

Bosted: Vikeså

Alder: 52

Yrke: Økonomisk rådgivar

Tone Vaule - Klikk for stort bilde

Kvifor stiller du til val?

Det er spennande, lærerikt og sosialt å vera politikar! Jobben som politikar opplever eg som viktig og meiningsfull. Eg likar å få til noko i lag med andre. Eg er glad i Bjerkreim og ønsker at me skal fortsetta som ein sterk og sjølvstendig kommune. Då er det viktig at me stiller opp for fellesskapet, også som politikarar.

Kva driv du med utanom jobb og politikk?

Eg har alltid vore aktiv og engasjert i Bjerkreim idrettslag. Her trener eg i løpegruppa til friidretten. 40-50 damer i ulik alder og nivå. Eit fantastisk miljø, som gir mykje for folkehelsa både i kropp og sinn. Er nestleiar i idrettslaget Her følgjer me opp og støtter undergruppene. Nå går det mykje i ferdigstilling av stadionområdet.

Kva er hjartesaka di?

Eg er nok ein generalist - som sjeldan har hatt berre ei hjartesak. Det som opptek meg mest no er turismesatsinga, utvikling av sentrumsområda og bustadutvikling. Me må unngå at unge ikkje kjem inn på bustadmarknaden, og planlegge for meir variasjon i type bustader.

Kva meiner ditt parti er viktig for Bjerkreim kommune framover?

Utvikling av sentrumsområda, E39 på plass, gode oppvekstvilkår.

Kva er viktig å gjere for å halde dei unge i kommunen?

Me må arbeide for at Bjerkreim ikkje berre skal vera ein god kommune å veksa opp i, og å verta gamal i. Det må vera aktivitet og utvikling for alle. Ny E39 med korte avstandar, vil gje oss store moglegheiter både for jobb og fritid. Får me til gode møteplassar i kvardagen og positivitet i bygda, så får me og dei unge tilbake.

Kva bør vi gjere for å få flest mogleg innbyggarar til å stemme og engasjere seg?

Me som stiller til val må snakke med folk, og vera synlege. Dette må ein gjere utan å verta for pågåande. Utfordringa er nok at for mange så er det vanskeleg å sjå dei klare skiljelinjene mellom partia i ein liten kommune. Elles så opplever eg at folk i Bjerkreim er engasjerte, og alle er einige i at dette vert eit særs spanande val!