Listetopp Leiv Ove Tengesdal

Vi har invitert alle sju listetoppene i kommunen til å presentere seg og sitt parti. Sist ut er Leiv Ove Tengesdal i Fremskrittspartiet.   

Leiv Ove Tengesdal

Parti: Arbeiderpartiet

Bosted: Fremskrittspartiet

Alder: 46

Yrke: Transportkoordinator

Leiv Ove Tengesdal - Klikk for stort bilde

Kvifor stiller du til val?

Eg stiller til val fordi eg syns Bjerkreim treng meir Frp-politikk.

Kva driv du med utanom jobb og politikk?

Eg liker å følgje med på bilsport og hestesport. Elles har eg gard på Tengesdal.

Kva er hjartesaka di?

Min hjartesak er samferdsel.

Kva meiner ditt parti er viktig for Bjerkreim kommune framover?

Landbruk, oppvekst og utdanning, helse og omsorg.

Kva er viktig å gjere for å halde dei unge i kommunen?

Eg trur ein må få eit breiare fritidstilbod og gode samlingspunkt. Viktig å tilretteleggja for fleire arbeidsplassar.

Kva bør vi gjere for å få flest mogleg innbyggarar til å stemme og engasjere seg?

Trur det er viktig at politikarane er synlege for innbyggarane og er tydelege på kva dei står for. Vere tilgjengeleg, tydeleg og forståeleg.