Parti: Bjerkreimlista
Bosted: Gjedrem
Alder: 72
Yrke: Pensjonist
Kvifor stiller du til val?
Eg stiller til val fordi er imot at ny E39 skal ha øydeleggjande veg og kryss ved Vikeså, og ta mykje jordbruksjord. I tillegg vil eg arbeide for at barnefamiliane skal få betre økonomi, bort med eigedomsskatten og meir gratistid i SFO. Eg ynskjer å gje økonomisk støtte til nydyrking/grøfting. I tillegg må me passe på at Bjerkreim framleis er eigen kommune.
Kva driv du med utanom jobb og politikk?
Familien blir prioritert. Eg er også dagleg leiar i eige firma, er ofte vikar i Eigersund voksenopplæring. Er veldig glad i å reise, til Cuba. Er engasjert i kor og eg er leiar i valnemnda i Norges korforbund. Har delteke mykje i transport av ukrainske flyktningar til Global kafe. Sportsidiot, Viking, Bjerkreim og Leeds!
Kva er hjartesaka di?
Eit trygt oppvekstmiljø for barn og unge, og ein trygg alderdom for dei eldre med hjelp til dei som treng det. Alle må ha ein økonomi slik at dei kan delta i fellesskapet (idrett, kulturskule m.m). Gi ekstra støtte til dei som treng det mest.
Kva meiner ditt parti er viktig for Bjerkreim kommune framover?
Trygge oppvekstvilkår, bevaring av vår flotte natur og trygg alderdom.
Kva er viktig å gjere for å halde dei unge i kommunen?
Me må lytte til dei og ta dei på alvor. Så må med tilretteleggja for arbeidsplassar slik at dei har ei framtid i kommunen. Gode fritidstilbod på dei unge sine premissar!
Kva bør vi gjere for å få flest mogleg innbyggarar til å stemme og engasjere seg?
Me må vise at det nytter å engasjere seg! Det må vere kort veg frå innbyggarane til politikarane/administrasjonen. Administrasjonen må ikkje isolera seg på kommunehuset. Folk må verta tekne på alvor.