Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Korona-vaksinering av 12-15-åringar i Bjerkreim

Korona-vaksinering av 12-15-åringar i Bjerkreim

Plan for vaksinering av 12-15-åringar i Bjerkreim

   

Tidspunkt

Vaksinering av 12-15-åringar blir gjennomført i skuletida tysdag 14. september kl. 11.00 på Vikeså skule og onsdag 15. september kl. 10.45 på Bjerkreim skule.
Det er også mogleg å få vaksine tysdag 14. september kl. 16-17, i Bjerkreimshallen.
Dei som ønsker å ha med foreldra når dei skal få vaksine, bør velga vaksinering i Bjerkreimshallen. 
Utover dette er det mogleg å få vaksine når det forøvrig er vaksinering i Bjerkreim, så det vil vera mogleg å få vaksinen på eit seinare tidspunkt. Dersom ingen av tidspunkta passar, kan du ta kontakt med vaksinekoordinator på telefon 404 44 960, så finn me eit høveleg tidspunkt.

Antal dosar

Foreløpig er det kun planlagt èin vaksinedose til barn 12-15 år.

Samtykkeskjema

Vaksine er frivillig, og foreldra må samtykka til vaksine for alle barn under 16 år. Dersom eleven skal ha vaksine, må samtykkeskjema signerast av foreldra og tas med ved vaksinering. Elevane får med seg samtykkeskjema frå skulen fredag 10. september. Dei som ønsker vaksine må også fylla ut eigenerklæringsskjema som er på baksida av samtykkeskjemaet. Altså: fyll ut begge sider/skjema viss eleven skal ha vaksine, og ta med skjemaet til vaksinering.

Samtykkeskjema (PDF, 216 kB)

Egenerklæringsskjema (PDF, 860 kB)

Ønsker du ikkje vaksine

Det er ønskeleg at vaksinekoordinator har oversikt over kven som får vaksine no, og kven som eventuelt må få tilbod om vaksine på eit seinare tidspunkt i tilfelle sjukdom etc.
For å unngå at koordinator tar kontakt med elevar/føresette som ikkje ønsker vaksine, er det fint om vaksinekoordinator får tilbakemelding på telefon 404 44 960 dersom ditt barn ikkje skal ha korona-vaksine.

Viss du er sjuk med feber

Er du sjuk, skal du vera heime. Då tar du kontakt med vaksinekoordinator på telefon 404 44 960 for å få eit nytt tidspunkt for vaksine.

Bestilla tid

Det er ikkje nødvendig å bestilla tid. Det er bare å møta opp, med ferdig utfylt skjema. 

Smitterisiko

Husk at smitterisiko vert større når ein har nærkontakt over tid. Innad i same husstand, eller ved overnattingsbesøk, er smitterisiko størst. Ein bør ta omsyn til dette ved besøk hjå slekt og vener.

Mvh Knut Vassbø
smittevernlege