Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Korona: - lokale tilrådingar i Bjerkreim er utvida til å gjelda t.o.m. 29. november

Korona: - lokale tilrådingar i Bjerkreim er utvida til å gjelda t.o.m. 29. november

Til alle som er i Bjerkreim: For å hindra smitte må me redusera nærkontakt. Samtidig ønsker me å sikra barn og unge muligheten til å fortsetta med sine aktivitetar både i barnehage, skule og fritid.

 

I tillegg til nasjonale retningslinjer, ber me difor om følgjande:

- innandørs arrangement for vaksne i perioden 7. - 29. november bør vurderast utsett eller avlyst.

- innandørs arrangement for barn og unge må ha ekstra fokus på avstand og handvask. Viss dette er vanskeleg, må ein innskjerpa rutinar, eller avlysa.

- vaksne som følgjer borna til arrangement, må halda god avstand til kvarandre, helst to meter

- ved korsang er det ekstra smitterisiko, men avstand hjelper. Dei som ønsker å driva korsang framover må avklara det praktiske med smittevernlege.

Husk at du kan:

- bruka naturen. Smitterisiko utandørs er langt mindre, også når fleire er i lag.

- bruka kreativiteten. Flytt arrangementet utandørs. Eller bruk internett.

- samarbeid på tvers av organisasjonar og lag. Ta kontakt med kulturkontoret viss du har ein ide, slik at flest mogleg kan ta del i opplevingane.

For å verna eldre og sjuke:

Alle som skal på Omsorgssenteret, må ringa og gjera avtale på førehand.

Knut Vassbø
smittevenlege

Bruk naturen og kreativiteten. Her frå Eventyrskogen 6. november. - Klikk for stort bildeBruk naturen og kreativiteten. Her frå Eventyrskogen 6. november.