Framside

Kommunal vigsel

Blomsterhjerte - Klikk for stort bilete  

Frå 1. januar 2018 skal borgarlege vigsler skje i kommuane
- i eigen kommune, anna kommune eller ved norsk utanriksstasjon.

Kvar og når kan me gifte oss?
Bjerkreim kommune vil normalt nytta kommunestyresalen eller kulturbanken som vigselslokale. Det kan gjennomførast vigsler frå måndag til fredag mellom kl. 11.00 og kl. 14.30, siste laurdag i juni og siste laurdag i juli. Det blir ikkje høve til vigsler på heilagdagar.

Kven kan vigsle?
Ordførar og varaordførar er etter loven tildelt mynde som vigslarar.
I Bjerkreim kommune er i tillegg rådmann Ørjan Daltveit tildelt mynde som kommunal vigslar.
Dvs. følgjande:
Ordførar Torbjørn Ognedal: mob. 478 50 180
Varaordførar Marthon Skårland: mob. 958 31 565
Rådmann Ørjan Daltveit: mob. 905 00 885

Kva kostar det?
Bjerkreim kommune tek ikkje betalt for vigsel.
Bjerkreim kommune tilbyr også vigsler til par som er busett i andre kommunar.

Bestilling av vigsel
Skriv namn, personalia, ønskja tid og stad for vigsel, ønskja vigslar, ev. ønskjer for seremonien og send til: Bjerkreim kommune, postboks 17, 4389 Vikeså i rimeleg god tid før ønskja vigsel.

Språk
Vigselen kan skje på nynorsk, bokmål eller engelsk. For andre språk må brudeparet sjølv syta for tolk.

Erklæringar og attestar
Før vigselen må brudeparet syta for at nødvendige skjema og attestar blir fylt ut og sendt til folkeregisteret ved ditt lokale skattekontor. Behandlingstida er to-tre veker. Følgjande skjema må fyllast ut og sendast inn til folkeregisteret: Eigenerklæringar, Forlovarerklæringar og Attestar.

Alle desse skjema finn du hjå Skatteetaten

Skatteetaten/folkeregisteret skriv ut ein såkalla prøvingsattest som visar at vilkåra for å inngå ekteskap er oppfylt. Denne er gyldig i 4 månader. Attesten (orginalen) må sendast til Bjerkreim kommune eller leverast på kommunehuset seinast 2 veker før vigselen. Alle spørsmål knytt til prøvinga må rettast til folkeregisteret ved ditt lokale skattekontor. Endeleg vigselattest vert ettersendt av folkeregisteret.

Korleis føregår seremonien?
Brudefolk, forlovarar og gjester bør møte opp 10-15 minuttar før avtalt tid for vigsel. Ein må vente utanfor seremonirommet til ein blir vist inn. Det skal vera to vitner til stades under seremonien. Dette er vanlegvis forlovarane, men det kan også vera to andre myndige personar.

Seremonien varer i 10-15 minutt. Sjølve vigselen føregår ved at vigslar les ein fastsett tekst for borgarleg vigsel. I slutten av seremonien underteiknar brudeparet, vitna og vigslaren vigselprotokollen/-meldingen. Dersom de ønsker å utveksle ringar, må dette vera avtalt på førehand, gjerne når det blir bestilt tid for vigsel. Ein kan også gje beskjed til vigslar før seremonien startar. Ringane blir sett på når vigslar har erklært dykk som ektefolk. De kan gjerne ha musikk eller diktlesing under seremonien, men dette må avklarast på førehand.

Fotografering kan skje under og etter seremonien etter avtale med vigslar.

Vigselprotokollen er offentleg. Bestilling av vigsel og alle andre dokument er ikkje offentlege.

Lenker
Forskrift om kommunale vigsler
Ekteskapsloven
 

Publisert av Torunn Ivesdal Gjedrem. Sist endra 27.02.2018
Fann du det du leitte etter?
Temaside (2)