Bjerkreim kommune

Kom med forslag på kandidatar til Ungdomsråd i Bjerkreim

Kom med forslag på kandidatar til Ungdomsråd i Bjerkreim

Bjerkreim kommune har ikkje hatt ungdomsråd tidlegare, men i følgje ny kommunelov, som gjeld frå konstituering av nytt kommunestyre, må kommunen ha eitt eige ungdomsråd framover. 

Det er ønskjeleg at ungdomsrådet kan bli valt på kommunestyret sitt konstituerande møtet 29. oktober. Medlemmene til ungdomsrådet skal veljast for periodar på to år (første periode blir ut 2021), og medlemmene må ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet (29.10.19). Rådmannen vil tilrå at rådet får fem medlemmer, samt varamedlemmer.

Ungdomsrådet skal behandla saker som gjeld ungdom.

Kom med forslag på kandidatar! (ungdom opp til 19 år, og begge kjønn)
Elevrådet på ungdomsskulen blir spurt, men andre kan også koma med forslag.
Forslag må leverast/sendast til kommunen på postmottak@bjerkreim.kommune.no, eller tlf. 51 20 11 00, innan 21. oktober, kl. 15.00.
 

Torunn Gjedrem
Arkivansvarlig
E-post
Telefon 51 20 11 62