Bjerkreim kommune

Kom med forslag på kandidatar til nytt fellesråd

Kom med forslag på kandidatar til nytt fellesråd

Vi treng forslag på kandidatar til felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne, for perioden 2019-23.

I Bjerkreim kommune er det eitt felles råd for eldre og for menneske med nedsett funksjonsevne. Rådet behandlar saker som gjeld dei aktuelle målgruppene. Fleirtalet av medlemmene i (eldre)rådet skal på valtidspunktet ha fylt 60 år.

Nytt råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne, for perioden 2019-2023, skal veljast av kommunestyret på konstituerande møte 29. oktober. Pensjonistforeninga og organisasjonar for menneske med nedsett funksjonsevne kan koma med forslag på kandidatar.

Forslag må leverast/sendast til kommunen på postmottak@bjerkreim.kommune.no, ev. tlf. 51 20 11 00, innan 21. oktober, kl. 15.00.

Brit Fuglestad
Saksbehandler
E-post
Telefon 51 20 11 63
Torunn Gjedrem
Arkivansvarlig
E-post
Telefon 51 20 11 62