Bjerkreim kommune

Informasjonsside influensa/korona

Karantene og smittesporing knytta til smitteutbrot i andre kommunar

Karantene og smittesporing knytta til smitteutbrot i andre kommunar

Spørsmål om karantenesetting skal rettast til smittesporingsteam i den kommunen der smittesituasjonen har skjedd.

Bjerkreim kommune følger nasjonale smittevernråd basert på smittesituasjonen i Bjerkreim. Gjeldande nasjonale råd betyr blant anna at fullvaksinerte ikkje blir sette i karantene, og at ordninga med ventekarantene er oppheva. Dette vil pr i dag bli lagt til grunn dersom det skulle bli påvist smitte i Bjerkreim. (Det er ikkje påvist smitte i Bjerkreim siste to veker.)

Andre kommunar kan gjera andre vurderingar basert på lokale smitteforhold. Det betyr at dersom smittesporingsteamet i ein annan kommune har pålagt restriksjonar som er strengare enn nasjonale retningslinjer, er det smittesporingsteamet i den kommunen som må svara på spørsmål som dukker opp i samband med smitte der. Bjerkreim kommune overprøver ikkje den vurderinga som smittesporingsteam i andre kommunar har gjort.

Når det gjeld test for COVID-19 i Bjerkreim, gjeld tilbodet alle som oppheld seg i Bjerkreim. Det betyr at dersom smittesporingsteamet i ein annan kommune ber deg om å ta COVID-test, så kan du få gjort dette i Bjerkreim. Og Bjerkreim kommune vil følga opp alle som oppheld seg i Bjerkreim som eventuelt får påvist COVID-19.

 

Knut Vassbø
smittevernlege