Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Informasjon om omsorgstilbod på skulane

Informasjon om omsorgstilbod på skulane

Det er viktig å minimera smittefare også i omsorgstilbodet, derfor har ein relativt strenge retningslinjer på kven som får tilbod på skulen no mens vanleg skule er stengd. 

Det har vore noko uklart korleis omsorgstilbodet skal organiserast. Det er no slått fast at tilbodet skal gjelda barn under 12 år der begge føresette har kritiske samfunnsfunksjonar og ikkje andre moglegheiter for barnepass. I tillegg kan born med spesielle behov (funksjonshemningar, store behov for tilrettelegging) eller ein vanskeleg heimesituasjon vurderast. 

Ta kontakt med rektor på epost eller visma flyt skule app om du er usikker på om ditt born kan vurderast for omsorgstilbod. 

Me ber om at dei som vurderer det slik at sitt born på 5.-7. klarer seg heime, eller har moglegheit for anna barnepass eller tilsyn i perioden ikkje nyttar seg av tilbodet. Dette då me ønsker at smittefaren skal vera minimal for elevar som er avhengig av tilbodet og dei tilsette me treng for å driva det.

Svanhild Gjedrem
Rektor
E-post
Telefon 51 45 93 02
Mobil 901 11 688
Elisabeth Bakke
Rektor
E-post
Telefon 51 45 93 82