Bjerkreim kommune

INFLUENSA-vaksine

INFLUENSA-vaksine

Det er framleis mulig å få vaksine mot vanleg influensa. Vaksinen er godkjent frå seks månaders alder, og er tilrådd ei rekke risikogrupper, herunder gravide i 2.  og 3. trimester, alle som har fylt 65 år og ved mange kroniske sjukdomar.

Vaksine blir gitt i opningstida alle kvardagar på Bjerkreim legekontor, fortrinnsvis mellom 1330-1515. Henvend deg i resepsjonen. Det kan bli litt ventetid før vaksinering, og uansett må du venta 20 minutt etter vaksinedose.  

Vaksinen kostar kr 200 for friske under 65 år, og 50 kroner for risikogrupper. Betal helst med bankkort. Husk ID.

Knut Vassbø
smittevernlege