Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

HUGS aksjonen mot landøyda!

HUGS aksjonen mot landøyda!


Gjer ein siste innspurt og ver med i trekkinga av flotte premiar.

Ver med å bekjemp det giftige ugraset Landøyda i Bjerkreim frå 13. - 31. august 2021.

Aksjonen mot ugraset vert gjennomført for å redusera Landøyda sin auka utbreiing her i Bjerkreim og Rogaland.  Flotte premiar!

Absolutt ALLE vert inviterte til å vera med!  Landøyda er giftig for storfe og hest, og ugraset spreiar seg til stadig nye område.  Kvar plante kan laga over 2 000 frø som svever langt med vinden.  Frøa vert danna no, så derfor hastar det med ein aksjon mot planta.  


Landøyde blomst - Klikk for stort bildeLandøyde blomst  

  Premiering
Dei 2 første premiane vert trekte ut blant dei som har levert flest/mest planter/ sekkar. Dei 13 andre premiane vert trekt blant ALLE som har vore med på aksjonen. Til fleire plastsekkar du leverer, til større sjans har du for å vinna ein av desse fine 15 premiane:

  1. Gavekort frå Bjerkreim kommune på 2.000 kr
  2. Gavekort frå Bjerkreim Bondelag på 1.000 kr
  3. Eitt års medlemskap i Bjerkreim Jeger og Fisk for 2022 - Verdi på 700 kr
  4. Fiskekort Bjerkreim Elveeigarlag inkl. desinfisering – Verdi på 500 kr
  5. Gavekort frå Bjerkreim kommune på 500 kr
  6. - 15. Turkopp i emalje med logoen til Destinasjon Bjerkreim
    Turkopp Destinasjon Bjerkreim - Klikk for stort bildeTurkopp Destinasjon Bjerkreim    

Praktisk gjennomføring av aksjonen

Riv helst opp blomsten med rota, eventuelt hogg av, alle planter med blomsterstengel slik at dei ikkje får frødd seg. Ved luking anbefalar vi at du brukar hanskar. Samla alle plantene i plastsekkar som du knyttar/lukkar igjen.
NB! Dersom du vil plukka landøyda der det er beitedyr, bør du IKKJE ta med HUNDEN din.  Storfe som elles beiter roleg, vil kunna reagera på hunden, og prøva å angripa den. 

I aksjonsperioden fredag 13. til tysdag 31. august  vert det ståande ein tilhengar utafor Kommunehuset, for levering av Landøyda i plastsekkar.

Du må skriva namnet og telefonnummeret ditt på plastsekkane dine for å vera med i trekninga av premiane. I tillegg må du skriva opp same informasjonen og senda på sms til Ellen Staveland sitt mobilnummer 41453254.

Plastsekkar og eingangshanskar kan du henta gratis utafor Kommunehuset.

Aksjonsgruppa utanfor kommunehuset - Klikk for stort bilde  

 

 

 

 

 

 

 

Aksjonsgruppa 
Frå venstre: John Skårland (Bjerkreim Jeger og fisk), Gerd Siqveland Engelsgjerd (landbrukssjef), leiar av aksjonen, Kjetil Slettebø (ordførar) og Ellen Røvær Staveland (miljøforvaltar i Bjerkreim kommune).  Bjerkreim Bondelag er ikkje med på biletet, då leiar Håvard Nevland var på ferie.  Bjerkreim Elveeigarlag v/ Torill Dalane Gjedrem støttar også aksjonen.  

Dersom du lurer på noko, kan du ta kontakt med landbrukssjef Gerd Siqveland Engelsgjerd på telefon 51 20 11 70 eller e-post gerdse@bjerkreim.kommune.no

Lukka til med fangsten!

Gerd Siqveland Engelsgjerd
Landbrukssjef
E-post
Telefon 51 20 11 70
Mobil 976 18 519