Her lærer elevane praktisk arbeid

— Kvifor har vi jording? spør lærar Eimund Grøsfjell.

Fleire rekk opp hendene, Tommy Hegdal Folkvord får svara: 
— Viss vi har straumlekkasje, så sikrar jordinga at vi ikkje får straum i oss, forklarer Tommy heilt korrekt. 

Opplæring

Denne dagen har dei seks åttandeklassingane faget arbeidslivsfag i sløydsalen på Vikeså skule. Dei seks er dei første elevane som får ein liten introduksjon til elektrofaget.  
— Eg hadde tenkt på det ei stund, om det var mogleg å kunna gje elevane på arbeidslivsfag enkel opplæring i elektrofaget. Og det ser ut som vi har treft den berømte spikaren midt på hovudet, seier Grøsfjell.
Han poengterer, og har forklart dette til elevane, at elektroarbeid ikkje kan gjerast av andre enn fagpersonar. I klasserommet har ingenting elevane øver på, straum. 

Kablar og veggboksar

I fjor sette elevar opp ein innervegg i eit rom ved sida av sløydsalen. Her kan arbeidslivsfagelevane legge røyr, trekke kablar, slå opp veggboksar, og montere stikkontaktar og brytarar.
I tillegg til å legge "skjult anlegg", så har kvar elev fått ei OSB-plate til å lage opent anlegg. Elevane får erfaring med å klamre kabel, og å montere og kople stikk, brytar og lys på plata. 
— Estetikk er viktig når vi legg opent anlegg, poengterer lærar Grøsfjell.

Alt er kjekt

I rommet med innervegg jobbar Mathias Skailand Bazanek, Olav Fuglestad og Trym Tengesdal med å montere stikkontaktar og brytarar på veggboksane. 
— Elektroarbeidet er kjekt. Eg likar å læra og laga ting. Det er litt tidleg, men det er mogleg at eg har lyst til å bli elektrikar, seier Mathias Skailand Bazanek.
Eimund Grøsfjell fortel at læreplanen seier at arbeidslivsfaget skal gje elevane erfaring frå arbeidssituasjonar som liknar arbeidslivet.
— Det har vi lukkast med, meiner eg.