Bjerkreim kommune

Informasjonsside influensa/korona

Heim for ein 50-lapp

Heim for ein 50-lapp

Ordninga med "Hjem for ein 50-lapp" gjeld nå kvar helg ut 2021 (natt til laurdag og natt til søndag). Ordninga gjeld for personar mellom 16 og 24 år.

Det er eit samarbeid mellom Kolumbus og Bjerkreim kommune.

Du bestiller plass hos Taxi Vikeså, på tlf. 51 45 19 00.

Bestilling må vera gjort seinast kl. 23.30. Det må vera minimum tre personar mellom 16 og 24 år som skal fraktast. Eldre personar kan bli med i tillegg, dersom det er plass i bilen. 

Følgjande retningsliner gjeld:
Det må vera minimum tre personar mellom 16 og 24 år som skal fraktast.
Eldre personar kan bli med dersom det er plass i bilen (i tillegg til dei tre som er 16-24).
Bestilling må vera gjort før kl. 23.30 natt til laurdag eller natt til søndag.
Køyretid er natt til laurdag og natt til søndag mellom kl. 00.30 og 01.30.
Køyring er berre mogleg dersom Vikeså Taxi gjev tilbakemelding på bestilling om at det er mogleg med transport.
Køyring vert i følgjande rute: Egersund torg - Egersund togstasjon - Fv 51 Tengesdal, Apeland, Bjerkreim - Laksebørsen - Vikeså sentrum - Bjerkreimshallen. I tillegg kan det køyrast inntil 2-3 km på stikkvegar i tilknytting til dei faste rutene dersom Vikeså Taxi stadfestar dette ved bestilling.
Det kan køyrast lenger dersom Vikeså Taxi har sjanse til det, men det må det betalast ekstra for.
Eigendel er 50 kr. for ungdom mellom 16 og 24 år.
Personar over 24 år betalar 100 kr. i eigendel.