Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Fritidsaktivitetar for born og unge

Fritidsaktivitetar for born og unge

Innandørs fritidsaktivitetar for born og ungdomar opp til 20 år starta opp att 20. januar 2021. Det gjeld både idrett og andre organiserte fritidsaktivitetar.

Praktiske råd:

  • Aktivitetane skal samla born/unge frå Bjerkreim kommune.
  • Viss det er meir enn 20 deltakarar på ein fritidsaktivitet må ein dela inn i grupper på inntil 20 personar.
    • Det må vera to meter mellom kvar gruppe, og born/unge frå same kohort/husstand bør tilhøyra same gruppe.
    • Innbyrdes i gruppene bør det vera ein meter mellom deltakarane, men om nødvendig kan det vera kortare avstand. Ved sang eller andre aktivitetar som medfører mykje stemmebruk, bør avstanden vera to meter.
    • Viss det er upraktisk å dela inn, eller viss talet på deltakarar er like over 20 eller liknande, så ta kontakt så finn me ei løysing.
  • Husk å skriva ned kven som er i kvar gruppe.

Knut Vassbø
smittevernlege