Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Endring i karantene etter fotballkamp 13. juni

Endring i karantene etter fotballkamp 13. juni

Klikk for stort bilde  

  1. Det er ingen nye smittetilfeller på nokre av laga.
  2. Kun dei som har vore i direkte nærkontakt med den spelaren som var smitta, treng fortsetta å vera i karantene. (Nærkontakt: samanhengande mindre enn to meter avstand i 15 minutt, eller direkte kroppskontakt, eller opphalda seg i same husstand.) Desse må ta ny test 20. juni kl 15, som tidlegare avtalt.
  3. Dei som har hatt hatt kontakt med den aktuelle spelaren utanfor fotballbanen (besøk, sosial omgang etc) er fortsatt i karantene.
  4. Øvrige spelarar går umiddelbart ut av karantene, dersom dei kjenner seg friske og ikkje har blitt satt i karantene av nokon annan årsak. Dei kan gå på skule i dag (onsdag 16. juni). Dei kan ta ny test dersom dei ønsker. Aktuelle tidspunkt er fredag kl 1245 eller sundag kl 1500.
  5. Kvar einskild av spelarane som går ut av karantene må gi informasjon til smittesporingsteamet i Bjerkreim på tlf 404 44 961, slik at me har oversikt over kven som framleis er i karantene. Dei må også opplysa om dei ønsker å ta ny test, og eventuelt når dei ønsker å ta testen.
  6. Det er viktig at alle som får symptom, testar seg så snart som råd.

 

Onsdag 16. juni kl 0750

 

Knut Vassbø

smittevernlege