Bjerkreim kommune

Informasjonsside influensa/korona

COVID-vaksine og INFLUENSA-vaksine

COVID-vaksine og INFLUENSA-vaksine

I haust og vinter er det viktig å unngå smittespreiing både av COVID og influensa. Ved å vaksinera deg reduserer du risiko for smitte og sjukdom både for deg sjølv og dei rundt deg. I Bjerkreim er det enkelt å bli vaksinert:

Bilde: FHI - Klikk for stort bildeBilde: FHI COVID-VAKSINE

COVID-vaksine er eit gratis tilbod for alle som har fylt 12 år. Vaksinen vernar mot sjukdom og smittespreiing og er viktig for folkehelsa i kommunen. Du kan lesa meir på www.fhi.no. Påmelding til vaksine via https://timebestilling.remin.no/bjerkreim eller pr telefon 51 20 11 65. COVID-vaksine blir gitt på Bjerkreim legekontor, eller i Bjerkreimshallen som ligg i samme bygg.

 

INFLUENSA-VAKSINE

INFLUENSA-vaksine er tilrådd for alle i risikogruppene. For personar i risikogruppene kostar vaksinen kr 50, men er gratis for dei som har frikort. Dei som ikkje er i risikogruppene, kan også få vaksine.

Influensavaksine i Bjerkreim blir no gitt ved Bjerkreim legekontor, og det er også fastlegekontor i andre kommunar som gir influensavaksine. I Bjerkreim kostar vaksinen kr 200 for personar utanfor risikogruppene.

Knut Vassbø
smittevernlege