Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Covid-test i Bjerkreim (for publikum)

Covid-test i Bjerkreim (for publikum)

Viss du mistenker at du har Covid eller har spørsmål vedrørande smittesporing

Dersom du er sjuk og må snakka med lege, må du kontakta fastlegekontoret ditt. Har du spørsmål vedrørande smittesporing, må du ta kontakt med smittesporingsansvarleg i den kommunen der smittesituasjonen oppsto. Smittesporing i Bjerkreim kan kontaktast på tlf. 40 44 49 61.
 

Kvar kan du få tatt Covid-test i Bjerkreim?

Frammøte for testing er til venstre for Kraftverket treningssenter i Vikesågata 57 A på Vikeså. Området er tydeleg merka med skilt. Vent ute eller i bil.
 

Kva må du ha med når du skal testast?

Ta med legitimasjon. For utanlandske statsborgarar utan norsk personnummer pass medbringast og framvisast. Du bør sjekka at personalet som testar har fått korrekte personalia.
 

Bestilling av Covid-test i Bjerkreim

Kvardag: Det blir tatt COVID-test alle kvardagar ved Bjerkreim legekontor, kl. 12.45. Bestillingsfrist kl. 12.00. Dersom du treng COVID-test utan behov for å snakka med lege, bestiller du test via REMIN på https://timebestilling.remin.no/bjerkreim. Dei som av ein eller annan grunn ikkje kan bestilla time via REMIN kan ringa Bjerkreim legekontor på 51 20 43 30 mellom kl. 09-12.

Helg: Ta kontakt med korona-telefonen i Bjerkreim på tlf 40 44 49 60. Frist for å melda inn test-behov er kl. 11.00 både laurdag og sundag. NB: I helgene blir det ikkje tatt COVID-test med mindre det er personar som må testast pga nærkontakt, smittesporing eller symptom. 
 

Forskjellige typar Covid-test

- PCR-test. Denne typen prøve blir sendt inn til analyse på Stavanger Universitessjukehus. I månadsskiftet juni/juli 2021 forventer me at det føreligg svar på prøven innan kl. 16 dagen etter at prøven blei tatt, men Bjerkreim kommune eller Bjerkreim legekontor tek ikkje ansvar for at prøvesvar føreligg innan ein spesiell tidsfrist.

- Antigen hurtigtest. Denne prøven blir analysert ved Bjerkreim legekontor. Svar blir gitt muntleg og legekontoret innrapporterer svaret til FHI sin database. Vanlegvis vil svar føreligga i HelseNorge i løpet av ein time. 
 

Svar på Covid-test

Norske statsborgarar vil få sitt prøvesvar registrert i HelseNorge.
Dei som treng papir-utskrift av prøvesvar, kan få stempla og signert utskrift ved Bjerkreim legekontor. Det forutsetter at prøvesvar foreligg, og at legitimasjon blir framvist.
 

Kva om du ikkje får svar på prøven?

Viss noko har gått galt slik at du ikkje får svar på prøven, kan du få tatt ny prøve. Bjerkreim kommune eller Bjerkreim legekontor tek ikkje ansvar for prøvesvar som ikkje føreligg tidsnok til flyreiser etc. Sjå elles avsnittet nedanfor.
 

Du treng ein prøve fordi du skal ut og reisa

Viss prøvetilbodet i Bjerkreim kommune ikkje passar med reiseplanane, har du mulegheit til å ta COVID-prøve på den flyplassen du skal reisa frå. Du finn informasjon her: https://avinor.no/informasjon-i-forbindelse-med-koronaviruset/

Dersom du lurer på kva type test du treng, og når du må testast, må du sjølv finna ut dette. Bruk denne nettsida: https://reopen.europa.eu/en (Europa) eller denne for reiser i heile verda: https://www.iatatravelcentre.com/world.php

OPPDATERT 12.07.21:
Gratis hurtigtest i Sandnes i helger - for personar utan symptom som treng dokumentasjon til koronasertifikat. Les meir på https://salubritas.no/

 

Pris

COVID-test tatt i Bjerkreim er gratis.
Dersom du treng papir-utskrift av prøvesvar frå Bjerkreim legekontor, kostar dette 100 kr, og det blir ikkje dekka av frikort.