Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

COVID-status Bjerkreim kommune 24. august kl 08.00

COVID-status Bjerkreim kommune 24. august kl 08.00

Informasjon frå smittevernlegen

STATUS:

  • Det er pr i dag ikkje meldt inn personar i karantene eller isolasjon i kommunen.
  • Det er god kapasitet for smittesporing, testing og vaksinering.
  • Alle fødd 2004 og 2005 har no fått tilbod om første dose vaksine torsdag 26. august mellom kl 15-17. Dei som ikkje har fylt 16 må ha med samtykkeskjema signert av føresett.
  • Skular og barnehagar er på grønt nivå.

HUGS:

  • Tidleg testing ved nyoppstått sjukdom (feber, nyoppstått hoste, sår hals, tett nase) er viktig. Me ønsker å testa barn i skule/barnehage tidleg på dagen. Så viss ditt barn må vera heime frå skule/barnehage pga slike symptom, så bør du kontakta Bjerkreim legekontor på 51204330 og få avtalt COVID-test same morgon. Dermed kan me om nødvendig testa resten av klassen / barnehageavdelinga same dag.
  • Alle held seg heime ved akutt luftvegssjukdom, sjølv om det ikkje er COVID.

Knut Vassbø
smittevernlege