Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Covid-19: Informasjon og påminning til alle som er i karantene

Covid-19: Informasjon og påminning til alle som er i karantene

Korleis ein skal gjennomføra smittekarantene

Når det gjeld friluftsaktivitetar for personar i karantene, gjeld reglane frå FHI:

Du skal ikkje gå på skule, jobb, barnehage eller andre aktivitetar utanfor heimen.
Du skal unngå stader der det er vanskeleg å halda avstand.

Bruk naturen og sørg for å få frisk luft når du er i karantene. Husk at i karantene skal du ikkje delta i aktivitetar saman med andre - det gjeld både organiserte og uorganiserte aktivitetar. Du skal heller ikkje oppsøka område der fleire er samla: på skøyteis, kunstgras eller liknande.

Meir info om korleis du skal gjennomføra smittekarantene finn du på Korona-informasjonssida under punktet Karantene

Knut Vassbø
smittevernlege