Framside

Byggjeskikkprisen 2017

Fjoset i Åsen fekk byggjeskikkprisen i 2014 - Klikk for stort bileteFjoset i Åsen fekk byggjeskikkprisen i 2014

Kom med forslag på kandidatar til Byggjeskikkprisen 2017, og hugs å grunngi forslaget!


I år skal det delast ut Byggjeskikkpris på kulturdagen 3. desember.

Byggjeskikkprisen kan verte tildelt huseigarar eller byggherrar som i samband med nybygg, tilbygg eller rehabiliteringsarbeid har gjennomført byggjeprosjekt. 
Det blir lagt vekt på at prosjektet tek vare på lokal byggjestil og handverkstradisjon, og er tilpassa landskapet og naturen på staden.

Grunngjevne forslag sendast til Bjerkreim kommune, Postboks 17, 4389 Vikeså eller til postmottak@bjerkreim.kommune.no.

Fristen for å kome med forslag er 10. oktober. 

Ein jury samansett av LMT-sjef, repr. frå kulturavd., leiar i LMT-utval og leiar i Levekårsutvalet avgjer kven som får prisen.

Kulturavd.

 

Publisert av Tora-Britt Svela. Sist endra 12.10.2017
Fann du det du leitte etter?