Bjerkreim kommune

Viktig informasjon om koronaviruset

Barn med nyoppstått sjukdom skal vera heime.

Barn med nyoppstått sjukdom skal vera heime.

Viktig melding frå smittevernlegen.

Barn med nyoppstått sjukdom skal ikkje møta på skule eller barnehage. 
Det gjeld også om dei nyleg har tatt ein koronatest. Bakgrunnen for dette er at med dagens smitteverntiltak vil spreiing av andre typar infeksjonar også ha ganske store konsekvensar for drift av skule og barnehage. Sjølv om skulane og barnehagane er på grønt nivå, er første punkt på grønt nivå: "ingen syke skal møte på skolen".

Barn som har fått feber, hoste, sår hals, tett nase eller kjenner seg sjuke, skal ikkje gå på skule eller i barnehage. Det gjeld sjølv om dei har tatt ein negativ korona-test.

Bruk veilederen frå FHI for å vurdera om barnet skal vera heime: https://www.fhi.no/publ/plakat/barn-i-barnehage--eller-barneskolealder-med-nyoppstatte-luftveissymptomer/

Mvh Knut Vassbø

smittevernlege