AstraZeneca-vaksine til helsepersonellBjerkreim kommune får i uke 9 tilsendt AstraZeneca sin COVID-vaksine til helsepersonell. Dermed kan alt helsepersonell som arbeider i Bjerkreim få tilbod om vaksine.Vaksinen reduserer risiko for at helsepersonell blir sjuke av COVID-19, og truleg blir også smitterisiko redusert. Både for personell, pasientar og tenestane betyr dette at me kan gå mot meir normal drift.Dersom du arbeider som helsepersonell i Bjerkreim og ikkje har blitt kontakta for vaksinering, kan du ta kontakt på tlf. 51 20 11 65 /404 44 961.Du finn meir informasjon om vaksinen hos FHI. Publisert avTorunn Gjedrem Publisert25.02.2021 09.09 Sist endret25.02.2021 14.33