Val for perioden 01.01.2013 - 31.12.2016

Har du forslag på kandidatar eller vil du vera meddommar, lagrettemedlem eller jordskiftemeddommar?

Ordføraren oppfordrar innbyggjarane i Bjerkreim kommune til å koma med forslag, eller melda seg sjølv, til desse viktige samfunnsverva!


Bjerkreim kommune (kommunestyret) skal velja både kvinner og menn til følgjande verv:

Meddommarane er vanlege kvinner og menn som saman med fagdommarar med juridisk utdanning er med på å ta avgjersler i rettssaker.

Nokre av jordskiftemeddommarane bør også veljast til skjønnsmedlemmer, fordi det er stadig fleire saker for jordskifteretten som krev både skjønn og jordskifte.

Kva for oppgåver har du?

Meddommarar/lagrettemedlemmer har ein unik sjanse til å vera deltakarar på eit viktig samfunnsområde.

Som meddommar i Gulating lagmannsrett er du ein av fleire lekdommarar som skal dømma saman med juridiske fagdommarar.

Som lagrettemedlem er du saman med andre lekdommarar med på å avgjera skuldspørsmål i straffesaker/juryesaker.

Kva pliktar du deg til?

Du kan rekna med å bli innkalt ei til to gonger i året. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, sjølv om enkelte saker kan vara noko lenger.

Perioden det skal veljast til nå er 01.01.2013 – 31.12.2016.

Vervet som meddommer/lagrettemedlem er ei samfunnsplikt. Dette medfører mellom anna normalt fri frå ordinært arbeid for å utføra vervet. Det blir òg gitt godtgjersle for eventuelt tapt arbeidsforteneste.

Kven kan vera meddommar/lagrettemedlem?

I hovudsak skal meddommarar/lagrettemedlemmer vera vanlege innbyggjarar som har stemmerett ved kommunestyreval. Det er eit krav at dei som blir valt er over 21 år (25 år for forliksrådsmedlemmer) og under 70 år når valperioden startar. I tillegg må dei som blir valt ha tilstrekkelege norskkunnskaper. Utfyllande føresegner står i domstolloven. Meir informasjon om vervet kan du finna på www.domstol.no/lekdommer.

Ta kontakt

med serviceavdelinga (tlf. 51 20 11 00) eller send e-post til postmottak@bjerkreim.kommune.no, innan 1. april 2012, om du vil setja fram forslag på kandidatar, eller vil stilla sjølv til val til eitt eller fleire av desse verva.



Publisert av: Torunn Gjedrem, 20. februar 2012 13:35:33
Sist endret av: Torunn Gjedrem, 06. mars 2012 12:41:42


>> Tips en venn om denne artikkelen! >>


Copyright Bjerkreim kommune.