Symjekurs hausten 2011
Symjekursa går over åtte kveldar og startar opp i veke 42. Les meir om kurstilboda på neste side i artikkelen.
Kursa måndag og onsdag varer til veke 49. Fredagskursa har fri i veke 46 og har siste kursdag før jul i veke 50.
Kurstilbodet hausten 2011:
Vassleik/vasstilvenning (frå 2 år): Leik i vatn. Barna må ha følje i vatnet.
Nybyrjar (frå 5 år): Dykke- og flyteøvingar. Byrjar med symjeøvingar ulike stilar. Barnet må ha følje i vatnet.
Vidaregåande I (må kunne flyte og symje nokre meter): Grunnleggande symjeopplæring ulike stilar. Hopp frå kant, gradvis mot djup del.
Vidaregåande II (må kunne symje, òg på djup del): Grundigare opplæring ulike stilar, pusteteknikk, vending, noko stup. Bruk av djup del på bassenget.
Symjetrening 3. klasse og eldre (ferdige med vidg. II, må kunne symje minst 25 meter): Opplæring i ulike symjestilar, snu- og stupteknikk. Individuell rettleiing.
Nytt tilbod: Eigne kurs for unge/vaksne som ikkje kan symje, eller som ynskjer å betre teknikken og lære nye symjeartar.
Tidsplan:
|
MÅNDAGAR |
v/Dana Vaitkieni |
|
Kurs nr. 1: 18.30 -19.15 |
Barn frå 3. kl. som ikkje klarer symje 25 m |
|
Kurs nr. 2: 19.15 - 20.00 |
Ungdom/vaksne som vil lære å symje, frå 16 år |
|
Kurs nr. 3: 20.00 - 20.45 |
Ungdom/vaksne som vil betre symjeteknikken/lære nye symjeartar, frå 16 år |
|
ONSDAGAR |
v/Dana Vaitkieni |
|
Kurs nr. 4: 17.00 - 17.45 |
Vidaregåande II |
|
Kurs nr. 5: 17.45 - 18.30 |
Symjetrening for dei som er ferdige med vidg. II, frå 3. klasse |
|
FREDAGAR |
v/Signe Egeland |
|
Kurs nr. 6: 14.00 - 14.50 Kurs nr. 7: 15.00 - 15.50 |
Vidaregåande I Vidaregåande I |
|
Kurs nr. 8: 16.00 - 16.50 |
Nybyrjar (frå 5 år) |
|
Kurs nr. 9: 17.00 - 17.50 |
Vassleik (frå 2 år) |
|
Kurs nr. 10: 18.00 - 18.50 |
Nybyrjar (frå 5 år) |
Pris pr kurs:
kr 650 for åtte kveldar, kr 100 i rabatt pr. sysken frå nr. 2.
Avgrensa tal deltakarar pr. kurs. Nokre kurs kan bli slått saman/avlyst utifrå tal påmelde.
VIKTIG:
Påmelding frå måndag 3. oktober kl 08.00 - IKKJE tidlegare (for at alle skal ha mottatt Bjerkreimsnytt).
MERK: Påmelding kun via e-post til
postmottak@bjerkreim.kommune.no
Ved påmelding treng vi:
- Namn og fødselsår til kursdeltakar
- Namn og adresse på føresette (for utsending av rekning)
- Mobiltelefonnr.
- E-postadresse (dersom anna adresse enn sendt frå)
All informasjon om kursa vert sendt ut på e-post.
>> Tips en venn om denne artikkelen! >>