Høyring:

Forslag til reguleringsplan for hyttefelt Rinnane, Kodlhom og Flæet, Stavtjørn

Bjerkreim formannskap har i møte den 15.02.2010 vedtatt å leggje forslag til reguleringsplan for Rinnane, Kodlhom og Flæet, gnr 21, bnr 1 ut på høyring.


Planforslag til fortetting av det aktuelle hyttefeltet har vore ute på høyring ein gong tidlegare (08.02.2007 – 16.03.2007).

Planforslaget av 2007 vart ikkje ført vidare etter høyringa. Planleggjar og kommunen vart i staden samde om at planleggjar skulle få lage eit nytt utkast til planforslag for det same området. Nytt forslag var først tatt opp til handsaming i formannskapet den 18.05.2008. Det vart teke opp til ny handsaming i formannskapsmøtet den 15.02.2010.

Formålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for etablering av 36 nye hyttepunkt pluss ein del nye kjørevegar i forhold til det som godkjent plan frå 2003 opnar for.

Planen er lagt ut til gjennomsyn på Heradshuset på Vikeså og her på kommunen si heimeside under Aktuelt/Høyringar

Eventuelle merknadar til planforslaget sendast skriftleg til Bjerkreim kommune, Postboks 17, 4389 VIKESÅ.

Høyringsfristen er sett til 06.08.2010.



Publisert av: Tora-Britt Svela, 17. juni 2010 12:16:43
Sist endret av: Tora-Britt Svela, 17. juni 2010 12:17:27


>> Tips en venn om denne artikkelen! >>


Copyright Bjerkreim kommune.