Om Bjerkreim

Vikeså frå Storafjellet. Foto: Kjersti Søyland Bye

Bjerkreim er ein - i folketal - liten, men sentralt plassert
innlandskommune i sør-austre delen av Rogaland. Kommunen ligg ca. 50 km sør for Stavanger, og E-39 går gjennom kommunen. Det er ca. 40 min. til Stavanger Lufthavn Sola.
Viktigaste næringsvegar er landbruk og industri.
Bjerkreim har ein rik og variert natur
- og ei av dei beste lakseelvane i landet.

Kommunestyret i Bjerkreim har bestemt at Bjerkreim kommune skal ha nøytral målform for administrasjonen. Du vil derfor finna artiklar på begge målformer på nettsidene våre.

Innbyggjartal:
2725 pr. 01.10.2011

Flatevidd:
651 km2
Fleire tal om Bjerkreim:
- på Statistisk sentralbyrå sine nettsider

Kommunsesenter:
Vikeså
Ordførar:
Marthon Skårland, H

Kommunevåpenet er ein bjørkekvist i sølv på grøn botn. Dette er vald fordi kommunenamnet Bjerkreim har opphav i "Bjerkr-heim" - bjørka si heim. Kommunevåpenet vart vald i mars 1985 og godkjent same året.

Pin med kommunevåpenet kan kjøpast for kr. 30,- i Serviceavdelinga, Heradshuset eller ved henvending til postmottak@bjerkreim.kommune.no.



Publisert av: , 16. januar 2005 19:05:41
Sist endret av: Tora-Britt Svela, 09. januar 2012 09:08:09


>> Tips en venn om denne artikkelen! >>


Copyright Bjerkreim kommune.