Norgeskampanjen 2005 - Harald Jr

Norgeskampanjen 2005 - Harald Jr

Dette er eit reiselivsprosjekt som har målsetting å få fleire turistar, og særleg barnefamiliar, til å besøka Rogaland i sommar.


"Norgeskampanjen 2005" er eit reiselivsprosjekt i regi av destinasjonsselskapa i Rogaland og er støtta av Rogaland fylkeskommune og Innovasjon Norge. Kampanjen har som målsetting å få fleire turistar, og særleg barnefamiliar, til å besøka Rogaland i sommar. Dei som kjem kan delta i eit spanande spel kor ein får klistremerke om ein besøker utvalde stader i fylket – og premiar for å samla dei. Kampanjen blir fronta av maskotten Harald jr:

Bjerkreim er med i kampanjen og turistane kan samla to klistremerke her, eit på Veen gardscamping og eit på Norsk Tempo Museum. Kampanjen vil bli godt marknadsført i media, så dette vil vera ei god profilering for kommunen.



Publisert av: , 22. juni 2005 15:25:28
Sist endret av: , 22. juni 2005 15:34:30


>> Tips en venn om denne artikkelen! >>


Copyright Bjerkreim kommune.