Velkommen til Bjerkreim kommunes nye nettsider!
Bjerkreim kommune var tidleg ute i regionen med kommunale nettsider. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar på dei eksisterande sidene, men etter kvart som tida har gått har vi fått behov for litt andre løysingar enn det som var muleg i den gamle versjonen. Vi har og hatt problem med vedlikehald av sidene den siste tida.
Bjerkreim kommune er med på den interkommunale web-satsinga i Dalane, der alle Dalane-kommunane nå satsar på interkommunal web-server med felles løysing.
Det meste av stoffet som var på dei gamle sidene er flytta over til dei nye, sjølv om det nok ser litt annleis ut i ny versjon. Vi har prøvd å kategorisera stoffet ut frå livssituasjonar, som "barn og unge", "bygg og bo" osv.
Det har dessverre ikkje vore muleg å få over alle gamle politiske protokollar, slik at det gamle "arkivet" over protokollar ikkje eksisterer lenger. Vi vil sjølvsagt bygga opp nytt arkiv, men det vil bli f.o.m. 2005. Pr. dags dato har vi heller ikkje fått til ei tilfredstillande ordning for kulturkalendaren, men dette arbeidar vi vidare med.
Vi vil minna om at dette er ein nettstad kor offentlig informasjon blir lagt ut, og ikkje ein generell nyheitsstad om kva som skjer i distriktet, den delen tek avisane seg av.
Nå i perioden etter lanseringa vil det nok førekomma litt feil så send oss gjerne ein tilbakemelding dersom du oppdager nokon. Vi tek og imot synspunkter på dei nye sidene, ris og ros på e-post eller via tilbakemeldingsknappen (lyspæra)
>> Tips en venn om denne artikkelen! >>




