Førehandsrøysting
Ordinær førehandsrøysting i Bjerkreim kommune startar den 10. august, men dersom nokon har behov for tidlegare førehandsrøysting blir det høve til å avgje tidleg førehandsrøyst f.o.m. 1. juli.
Ta kontakt med serviceavdelinga på kommunehuset (kl. 08.00 - kl. 15.00). Ved behov kan vi avtala førehandsrøysting utanom kontortida (tlf. 51 20 11 00). Husk legitimasjon og ta helst med tilsendt valkort (blir utsendt i midten av juli) når du skal førehandsrøysta. Siste dag for førehandsrøysting blir fredag 9. september.
Du kan òg førehandsrøysta på dei fleste utanriksstasjonar i utlandet og hos oppnemnde røystemottakarar på Svalbard og Jan Mayen f.o.m. 1. juli.
Førehandsrøysting på Bjerkreim omsorgsenter et fastsett til torsdag 8. september, kl. 13.30 - 15.00.
Dersom du på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan røysta på valdagen eller førehandsrøysta på vanleg måte, kan du førehandsrøysta heime. Søknad om slik førehandsrøysting må vera motteken av kommunen innan 6. september 2011, kl. 15.00.
Adressa til valstyret er: Bjerkreim valstyre, postboks 17, 4389 Vikeså
>> Tips en venn om denne artikkelen! >>




