Digitale skjema
Bjerkreim kommune har teke i bruk eit elektronisk søknadssenter der det ligg fleire digitale skjema som kan fyllast ut og sendast inn direkte over nettet. Nye digitale skjema vil bli lagt ut etter kvart.
Kva er eit digitalt skjema?
Digitale skjema er enkle og brukarvenlege, og tek deg stegvis gjennom søknadsprosessen for den tenesten du søkjer på.
Fordelen med eit digitalt skjema er at det er tilgjengeleg når som helst og frå kor som helst. Skjemaet du fyller ut inneheld kontrollfelt som gjer at du er sikker på at alt er fylt korrekt ut før innsending. Skjemaeme er bygde opp etter ELMER 2 standarden, som er ein offentleg standard for korleis eit skjema skal presenterast for brukaren.
>> Tips en venn om denne artikkelen! >>




