Deutsch English version
header


Aktuelt



Om Bjerkreim
Geografi
Historie
Kart



Administrasjon



Barn og unge



Bygg og bu



Helse og omsorg



Kultur og fritid



Dalane kulturfestival



Kva skjer?



Økonomi/Skatt



Teknisk/landbruk



Kartløysing



Planar



Forskrifter



Næringsliv



Gebyr og prisar



Skjema



Tenestetilbod



Kontaktinfo



Ledige stillingar



Politikk



Postliste



Turisme/friluft



Tilbakemelding



English








> Om Bjerkreim / Historie   Utskriftsvennlig

Historie

Frå Uadalen. Foto: Bjørn Hille

Soga om Bjerkreim

Busetnad

Det har vore busetnad i Bjerkreim så langt tilbake som 5 – 6000 år. Funn frå steinalderen dokumenterer så tidleg busetnad. Uadalsområdet på Storrsheia. 2-3 km nord for Vikeså Sentrum ved E-39 er døme på gamal gardsdrift og busetnad. Her har budd folk frå 350 og fram til Svartedauden 1349. Området er svært serprega og i fylkessamanheng det mest intakte anlegget

I same beltet ligg og Auglænd med tydelege merke etter langhus som var reiste her.

Desse anlegga viser at folk var bønder som dyrka korn og levde av jakt, fiske og enkelt jordbruk. På 1800 talet var bygda busett på bruk som blei fråflytta og nedlagt på slutten av 1800 talet og første del av 1900 talet. Berre langs Ørsdalsvatnet var det busett folk på fleire bruk. likeeins i austre del av kommunen t.d. på gardane Brattebø og Kvitlen. Alle desse bruka er nå fråflytta.

Næring

Næringsvegen i Bjerkreim har alltid vore prega av jordbrukarar, og serskilt har sauehald vore ei sentral næring. Dei store fesjåa for sau var storhendingar på nivå med 17.mai feiringa. På 1970 talet stilna sjåa av og vart avløyst av Bjerkreimsmarken som er blitt ein årleg folkefest med eit breitt engasjement . Bygda har endra seg mykje, særleg dei siste 40 åra. Sentra Vikeså og Bjerkreim har utvikla seg til små ”bygdebyar” med eigne bustadområde. Folketalet har auka frå vel 1800 innbyggjarar til i dag nær 2 500. I denne perioden har skular, barnehagar, sjukeheim og heradshus blitt reist, og bygda har fått eit heilt anna tenestetilbod enn før. Det har i tillegg til dei arbeidsplassane som blei skapt av offentleg sektor og blitt skapt mange nye arbeidsplassar innan industri og service. Jordbruket har og hatt ei svært positiv utvikling og framstår i dag som ei moderne næring på høgde med andre distrikt i Rogaland. Bjerkreim er ikkje lenger ei bygd med einsidig næringsliv knytt til jordbruket, sjølv om denne næringa framleis betyr mykje for mange.

Kultur

I 2009 vart Kulturbanken pussa opp, det gamle banklokalet som ligg vegg i vegg med kommunehuset. Kulturbanken vert dagleg brukt av kulturskulen, men lokala vert òg nytta til utstillingar, konsertar og teaterframsyningar. Det er òg høve til å leige lokale til konferansar.

I Bjerkreim er det eit rikt organisasjonsliv, eksempelvis idrettslag, religiøse organisasjonar, bygdekvinnelag, kor og 4H. Det er mange aktivitetar både i samfunnshuset, Bjerkreimshallen og i tidlegare skule- og bedehusbygg kring i kommunen.

Det er eit nært samarbeid om kulturspørsmål i Dalane, dvs Bjerkreim, Egersund, Sokndal og Lund. Annankvart år vert Dalane kulturfestival arrangert. I 2008 var det i Bjerkreim ein stor konsert i Bjerkreimshallen med Ole Edvard Antonsen saman med band og symfoniorkester. Konferansier av Kari Slaatsveen.

Krig

I krigsåra 1940 – 45 var Bjerkreim arena for fleire krigshendingar. Slaget i Gloppedalsura i aprildagane i 1940 står som symbol på den norske motstandkrafta, fleire tyskarar miste livet i desse kampane. Fleire Bjerkreimbuar engasjerte seg i motstansarbeid, og hausten 1944 gjekk tyskararane til åtak på Gjedrem der fleire norske flyktningar var i skjul. Seinare er denne hendinga blitt kalla Slaget på Gjedrem. Om lag 100 Bjerkreimbuar vart sett i tysk krigsfangenskap, men alle kom heim att. Hadde krigen vart nokre dagar lenger, var det nok mange som aldri hadde sett bygda att.

Kyrkje/Religion

I Bjerkreim er det tre kyrkjer/kapell. Bjerkreimskyrkja blei reist i 1835 og er ei Linstovkyrkje.

Ivesdal kapell - foto: Alf S. Ognedal

Seinare blei det reist kapell på Ivesdal og for vel 20 år sidan kombinert skule og kapell i Ørsdalen. Likevel blei ikkje Bjerkreim eige prestegjeld før for om lag 15 år sidan. I mange år var Bjerkreim og Helleland felles prestegjeld og soknepresten var busett på Helleland.

I bygda har det vore sterke religiøse og kristne tradisjonar. ”Far ” til Dei sterktruande; Knud Spødervold, var fødd i bygda og levde lenge her. Salmediktaren Trygve Bjerkrheim var og fødd i bygda, men familien flytte til Austlandet då han var 9 år. Fleire misjonærar har og denne bygda som heimstad.

Politikk

Bjerkreim har som politisk/organisatorisk eining vore om lag uendra sidan formannskapslovene vart innført i 1837. I 1960 åra var det ei grenseregulering og Maudal blei overført frå Bjerkreim til Gjesdal. Bygda har hatt eit levande folkestyre og ordførarar som har markert kommunen og bygda godt. Så langt ein kjenner til er det berre Tollef Gjedrem som er blitt valt direkte inn på Stortinget. Han sat på tinget i perioden 1906 – 1921.




>> Tips en venn om denne artikkelen! >>









Eiendomsskatt i Bjerkreim kommune

Søk på stikkord / ansatt:





Politiske dokumenter

Politiske dokumenter Følgjer du med i lokalpolitikken? Her kan du lese innkallingar og protokollar frå politiske møte..

ikon_tenesterTenester

Alfabetisk oversikt over dei kommunale tenestene finn du her.

ikon_tenesterBibliotek

[ Søk i bibliotekdatabasen/ Mine lån ]



Bjerkreim kommune


Telefon: 51 20 11 00
Faks: 51 20 11 01

Epost:
postmottak@bjerkreim.kommune.no

Postadresse:
  Postboks 17, 4389 Vikeså

Kommune nr. 1114

Org. Nr. 970 490 361

En side for barn og unge om psykisk helse

Regjeringen.no

Magma Geopark